Air - Cherry Blossom Girl. Herleg sang, herleg video.
Denne bloggen skal eg prøve å skrive på nynorsk. Kanskje det er ein slags ode til Marthe, som hadde nynorskeksamen i dag. Kanskje er det berre for å øva meg litt, eg treng det verkeleg. Eg meiner... Då me fekk ei sånn "overraskingsprøve" der me skulle oversette eit knippe artiklar på bokmål til nynorsk, klarte eg til og med å gløyme at det heiter 'kaffi.' For meg er det eit teikn på at eg har gløymt for mykje. Kanskje ikkje så rart heller, med tanke på at eg bortimot ikkje har skrive nynorsk sidan ein gong på ungdomsskulen.
I morgon er det turdag på skulen. Hipp hurra... Altså. Me har hatt fri heile denne veka pga. eksamenar, og no skal me plutseleg på skulen for å gå TUR. Kvifor kunne me ikkje fått fri i staden? Eg ser ikkje noko poeng i å bli med, ikkje i det å arrangere ein slik dag eingong. Karakterane er jo sete allereie, så dei kan ikkje bruke karaktersetjing som ei unnskylding.
Og æsj... Eg fann akkurat ut at eg no har sett den siste episoden av Veronica Mars. No vert det ikkje meir Veronica Mars og ikkje meir Gilmore Girls... Utruleg irriterande at to av favorittseriene mine vert tatt av plakaten på same tid. Sistnevnte har liksom vore med meg i fleire år no, medan eg fyrst oppdaga VM for eit eller to år sidan. Hugsar ikkje heilt eigentleg, men er vel noko sånt. Husker eg vart heilt hekta med ein gong, og lasta ned alt som hadde kome ut av sesong 1 så fort det kunne gjerast. Venta i spenning på kvar einaste nye episode. Eg fekk til og med ei venninne heilt hekta på det óg! Då vart eg litt stolt av meg sjølv, ettersom eg ikkje eingong hadde gått inn for å "omvende" henne.
Når eg fyrst er i gong med å mimra liksom, så må eg vel mimre tilbake til i fjor sommar. Då sat eg foran pc'en til langt på natt, oftast fram til sånn 5 om morgonen. Eg snakka vel aller mest med Karina, Fredrik og Ida. Ah, the memories. Dei to fyrstnevnte har eg bortimot ikkje snakka med sidan i høst ein gong, men eg snakker ihvertfall med Ida ein gong iblant. Takk og lov. Eg hater å miste kontakten med folk, og det har hendt ein gong for mykje... Fleire gongar for mykje, om sant skal seiast...
...Og sånn sett er Fjesbok ein fantastisk ting. Sjølv om eg kanskje ikkje snakker med alle vennane mine der til einkvar tid, så veit eg at det ikkje trengs mykje for å ta kontakt med dei, og eg vil påstå at eg har nytta meg av det i alle fall eit par gonger. Eg trur ikkje eg bryr meg så mykje om det som sto på vg.no i dag, om det med at Fjesbok har rett til å nytta seg av alt av informasjon og bilete ein legg ut. Eg får halde kontakten med nokre av venene mine, og det er det viktigaste for meg.
Thursday, May 31, 2007
Subscribe to:
Post Comments (Atom)

1 comment:
zunp cubvw [URL=http://www.katesxxx.com]gay porn[/URL] doilgz l tb j tni
Post a Comment